Hopp til innhald

Agnete Saba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Agnete Johnsen)
Agnete Saba

Foto: Albin Olsson (CC BY-SA 4.0)

Fødd4. juli 1994 (30 år)
FødestadVarangerbotn
FødenamnAgnete Kristin Johnsen
AliasAggie
OpphavNoreg
Aktiv2008–
Sjangerpop, rock
InstrumentVokal
Tilknytte artistarThe BlackSheeps
Verka somSongar
MorSigne Iversen
PrisarÅpenhetsprisen, Ole Vig-prisen

Agnete Kristin Johnsen Saba (fødd 4. juli 1994 i Varangerbotn) er ein norsk musikar og songar. Ho var tidlegare frontfigur i rockegruppa The BlackSheeps. I 2016 vann ho Melodi Grand Prix og representerte Noreg i Eurovision Song Contest.

Agnete Saba, opprinnelig Agnete Johnsen, er dotter av den samiske barnebokforfattaren Signe Iversen[1] og Arild Johnsen, og tok i 2020 Saba, pikenamnet til mormora si, som etternamn.[2]

Saba vaks opp på Reahpen i Nesseby kommune i Finnmark.

Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix Junior 2008

[endre | endre wikiteksten]

I 2008 vann ho, som ein del av gruppa The BlackSheeps, Melodi Grand Prix Junior 2008 med songen «Oro jaska beana». Etter sigeren i Melodi Grand Prix Junior 2008 fekk gruppa representere Noreg i Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008 og vann.

Melodi Grand Prix 2011

[endre | endre wikiteksten]

I 2011 skreiv gruppa historie då dei deltok i Melodi Grand Prix med songen «Dance Tonight». I den tredje semifinalen enda dei på andreplass og gjekk vidare til finalen. Dei fekk òg ein andreplass i finalen, og fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodi Grand Prix Junior 2013

[endre | endre wikiteksten]

Under superfinalen i Melodi Grand Prix Junior 2013 framførte Saba, under namnet Aggie, songen «Goin' Insane».

Melodi Grand Prix 2016

[endre | endre wikiteksten]

I 2016 vann ho Melodi Grand Prix med songen «Icebreaker».[3] Ho vart då den fyrste som har vunne både Melodi Grand Prix jr. og Melodi Grand Prix.[4][5]

I Eurovision Song Contest i Stockholm var ho nummer 15 ut på scenen i semifinale 2, etter den endelege vinnaren Ukraina, og før Georgia. Det norske bidraget vart til slutt nummer 13 av 18 i semifinalen, og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

I 2016 fekk ho Åpenhetsprisen med grunngjevinga «Agnete Johnsen viser mot ved å være åpen om sine psykiske utfordringer og snakke om det som er vondt mens det er vondt».[6]

  1. «Nå kan Signe vinne Nordisk råds litteraturpris». www.ifinnmark.no (på norsk). 29. oktober 2013. Henta 2. november 2013. 
  2. Dønvold-Myhre, Lars (19. august 2020). «Derfor byttet hun navn». dagbladet.no (på norsk). Henta 19. august 2020. 
  3. Alnes, Espen (29. februar 2016). «Beste MGP-finale sidan 2010». NRK (på norsk bokmål). Henta 2. mai 2022. 
  4. «The BlackSheeps til topps i MGP jr!». www.vg.no (på norsk bokmål). 29. november 2008. Henta 2. mai 2022. 
  5. «Agnete vant Melodi Grand Prix». NRK (på norsk bokmål). 27. februar 2016. Henta 2. mai 2022. 
  6. «Agnete Johnsen (22) er vinner av Åpenhetsprisen 2016». TV 2. 9. oktober 2016. Henta 11. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Agnete Saba