Sigurd Mathisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Mathisen
Sigurd Mathisen.jpg
Fødd 26. april 1884
Christiania
Død

4. mars 1919
Noreg

Yrke skøyteløpar
Sigurd Mathisen på Commons
Sigurd Mathisen til venstre, Martin Sæterhaug og Oscar Mathisen representerte Noreg under Skeise-VM 1908 i Davos

Sigurd Waldemar Mathisen (26. april 18834. mars 1919) var ein norsk skeiseløpar og ekspeditør frå Kristiania, medlem i Kristiania Skøiteklub og bror til Oscar Mathisen.

Sigurd Mathisen var ein av landets beste skeiseløparar i tida 1902 til 1911. I verdsmeisterskapen 1904 vart han andremann etter Peter Sinnerud. Sinnerud vart seinare fråteken VM-tittelen fordi han skulle ha teke mot pengar for skeiseløp i USA, og Mathisen utropt til vinnar. I 1915 vart diskvalifikasjonen av Sinnerud oppheva av ISU, men Mathisen står framleis som verdsmeister.

I 1908 sette Mathisen verdsrekord på 500 meter i Davos med tida 44,4 sekundar. Han oppnådde aldri å verte noregsmeister, men han var på sigerspallen seks gongar, i fleire høve under sin yngre bror Oscar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]