Sigval Maartmann-Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigval Maartmann-Moe
Fødd 23. mai 1921
Død

7. juni 2010

Yrke filmregissør, manusforfattar

Sigval Maartmann-Moe (23. mai 19217. juni 2010) var ein norsk filmskapar og -produsent frå Oslo.

Maartmann-Moe studerte 1946-47 hos Arthur Rank i England. I åra fram til 1960 laga han meir enn 20 dokumentarfilmar, mellom andre Haakon VII: Norges konges i krig og fred i 1952. I 1951 fekk han Statens filmpris for kortfilmen God vakt, søster, same året som han var med å regissere filmatiseringa av Dei svarte hestane. Perioden 1951-58 regisserte han fem spelefilmar, mellom dei Peter van Heeren frå 1957 og I slik en natt frå året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]