Silas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Silas (fleirtyding).
Silas

Biskop og martyr
Fødd1. hundreåret
FødestadRoma
Daudca. 50 i Makedonia
DødsstadRegionen Makedonia
Yrkeskribent, misjonær
HelgendagOrtodoks: 17. januar (4. januar i den julianske kalenderen) - Minnefest for Jesu sytti displar

Evangelisk-luthersk: 26. januar
Ortodoks: 30. mai (17. mai i den julianske kalenderen)
Ortodoks: 12. august (30. juli i den julianske kalenderen)
Luthersk: 10. februar

Katolsk, syrisk, malankara : 13. juli
Helgen iDen katolske kyrkja, Orientalske katolske kyrkjer, Den ortodokse kyrkja, Orientalske ortodokse kyrkjer, Den anglikanske kyrkja og Den evangelisk-lutherske kyrkja

Silas var ein kristen leiar som levde i det første hundreåret. Han var ein respektert mann og ein av dei førande personane i den første ortodokse kyrkja i Jerusalem. Silas er rekna som ein av Dei sytti apostlane og er ein helgen i fleire kyrkjer.

Helgenen er omtalt i Apostelgjerningane som «Silas» (gresk Σίλας), truleg den arameiske forma av det hebraiske namnet Saul. Han er truleg den same som Silvanus (Σιλουανός), som er nemnd i Apostelen Peter sine brev.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Etter disippelforsamlinga i år 51 e. Kr., som tok for seg spørsmålet om kristne, som tidlegare hadde vore heidningar, skulle følgje dei jødiske Moselovane, sende disiplane brev til kristne i Antiokia med apostlane Paulus og Barnabas om at dei heidningekristne ikkje måtte følgje Moses sine lover. Det vart derimot avgjort at dei måtte halde seg borte «frå kjøt ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor» (Apg. 15, 20-29) og «ikkje gjere mot andre som dei ikkje ønska for seg sjølv».

Apostelgjerningange fortel vidare at to andre medlemmer av kyrkja i Jerusalem, Silas og Judas, vart sende til Antiokia saman med Paulus og Barnabas for å bringe denne meldinga muntleg. Judas drog så til Jerusalem, medan Silas oppheldt seg i Antiokia og hjelpte ivrig Paulus med å forkynne evangeliet. Disiplane vitja Syria, Kilikia og Makedonia.[1]

I Fílippi (i dag Kavála) vart dei skulda for å hisse opp folket. Dei vart gripne, slått med stokk og så kasta i fengsel. Ved midnatt då Paulus og Silas bad, oppstod det plutseleg eit kraftig jordskjelv og lenkjene fall frå dei og dørene i fengselet opna seg. Fangevaktaren var redd for at fangane skulle rømme og han prøvde å ta livet sitt, men Paulus stoppa han. Då fall han føre føtene deira og tok imot orda deira om Kristus. Han førte dei ut av fengselet, tok dei inn i huset sitt for å stelle skadane deira og vart kristna saman med heile familien sin.[1]

Paulus og Silas drog vidare til byane Amfipolis, Apollonia og Thessaloníki frå Filippi, fekk nye disiplar og grunnla kyrkjer i kvar by.[2] I Korint vart Silas biskop resten av livet sitt, der han skal ha utført mange mirakel.[3]

Silas er nemnd i Martyrologium Romanum. Korleis han døydde er ukjend, men han blir tradisjonelt rekna som ein martyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar