Silvermuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Silvermuseet
Silvermuseet Foto Elena Lango, Silvermuseet.png
StadArjeplogs kommun
Skipa1965

Silvermuseet
66°3′4″ N 17°53′12″ E

Silvermuseet er eit museum i sentrale Arjeplog som vart innvigt 23 oktober 1965. Samlingane skildrar historia til staden - frå forhistorisk tid til notid. Samane og nybyggarane sine liv blir gjort levande i ulike utstillingar. I eit av romma blir det til dømes vist ein av dei største samlingane i verda av samiske sylvgjenstandar. Sylvmuseet vert drive av ein kommunal stiftelse.

Namnet til museet har inkje å gjera med den sylvsamlinga som vert teke vare på der, men kjem av Nasafjälls silververk som åra 1635-1659 og 1770-1810 var verksam i området. Det er òg derfor  Riksveg 95 som går gjennom Arjeplog i dagleg tal vert kalla for Silvervägen og at nokre selskap innanfor Arjeplogs kommune har ordet silver i selskapsnamnet.

Sylvmuseet vart grunnlagt av Einar Wallquist. Han var under førti år provinslækjar i Arjeplog i ei tid då den gamle nybyggarkulturen og den samiske kulturen byrja forsvinna. Med den store interessa som Einar Wallquist hadde for historie byrja han samla gamle gjenstandar frå staden. Samlingsiveren leia så etterkvart til ein ambisjon til å inventera soknet og samla inn minst eit av kvart slag av gjenstandane som har vorte nytta. Heimen vart fylt med gjenstandar og buer og forråd i bygda vart nytta til förvaring. År 1965 donerte Einar Wallquist den unike samlinga si til Arjeplogs kommune og var sidan sjølv verksam som museumsmann fram til han døydde, knapt 90 år gammal, år 1985.

Bygninga som vart teken i bruk då Sylvmuseet vart til i 1965 var opphavleg ein nomadeskole oppført 1854 og er ein av dei eldste bevarte bygningane i sentrum av Arjeplog.[1] Silvermuseet består av tre etasjar og har gjennomgått ei mengd om- og nybyggingar gjennom åra.

Sidan april 2009 blir Instituttet for subarktisk landskapsforsking, INSARC, drive innanfor råma for Organisasjonen til Silvermuseet. Instituttet driv høgkvalitativ forsking med innretning på sambandet mellom mennesket si landskapsutting og endringane til økosystema i nordlege miljø. Eit av mange forskingsresultat har m.a. resultert i funnet av ein av dei aller eldste kjende buplassane i Nordland, datert til c:a år 7800 f.Kr, ved sjøen Dumpokjauratj nær grenda Svannäs i Arjeplogs kommune. Sommaren 2014 tildelte Silvermuseet sitt og INSARC:s sjef Ingela Bergman H.M. Konugens medalj 8:e ndi storleik Serafimerordens batt "För framstående insatser inom subarktisk landskapsforskning".[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wallquist, Einar: Arjeplog fordomtida, Arjeplog 1983, s. ss. 102-103. 
  2. «Silvermuseets chef för kunglig medalj». Sveriges Radio, P4 Norrbotten. 9 juni 2014. Henta 10 november 2014.