Silvev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snitt av ein linplante:
1. Marg,
2. Protoxylem
3. Vedvev (Xylem I)
4. Silvev (Floem I)
5. Bastfiber (Sclerenchyma)
6. Cortex
7. Epidermis

Silvev (floem) er den delen av karvevet i ein plante som har som hovudoppgåve å leia løyste organiske stoff rundt i han. Den andre typen karvev er vedvev (xylem).

Silrøyr dannar dei eigentlege leiingsbanane i silvevet. Eit silrøyr består av ei lang rekkje enkeltseller, silrøyrelement, som kvar har ei lengd på 0,1–0,5 mm. Skilleveggane (silplater) er gjennomhola som ein sil. Sellene er levande, men cytoplasma her er ikkje skarpt skild frå sellesafta, ettersom tonoplastmembranen manglar. Silrøyrelementa mister sellekjerna under utviklinga, og ein meiner at aktiviteten deira blir styrt frå parallelt liggjande følgjeseller som har kjerne.

Produkta frå fotosyntesen, særleg sukker (sukrose), blir leia frå blada gjennom silvevet til veksande organ og til lagringsorgan. Transporten av organiske stoff går frå selle til selle og passerer då silplatene. Ved slutten av vekstperioden blir silplatene hjå dei fleste plantar tilstoppa av eit polysakkarid, kallose. Om dette ikkje blir løyst opp igjen ved byrjinga av neste vekstsesong, må nye silrøyr dannast før sukkertransporten kan koma i gang.

Nakenfrøa plantar og bregner har i staden for silrøyr svært lange silseller av meir primitiv bygnad med lite differensierte silfelt som finst over det meste av lengdeveggan til sella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]