Sukrose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sukrosekrystall

Sukrose eller sakkarose er eit disakkarid sett saman av glukose og fruktose. Det er eit trivialnamn som vert brukt om vanleg hushaldningssukker, og er ikkje eit systematisk namn i kjemien.[1] Sukker som vert brukt i matlaging er som regel sukrose, og er også kjend som sukker, kvitt sukker, bordsukker eller farin. Det finst også i sirup og melis.

Stoffet vert utvunne frå sukkerrøyr og sukkerroe.[2]

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Strukturen til eit sukrosemolekyl

Kjemisk sett er sukrose eit samband av molekyla glukose (også kalla druesukker) og fruktose (også kalla fruktsukker) med eit oksygenatom imellom. Ved hydrolyse (invertering) vert sukrose spalta i glukose og fruktose. Ei blanding av like delar glukose og fruktose vert kalla invertsukker.[1]

Sukrose har ikkje eit bestemt smeltepunkt, men ved ein temperatur på rundt 160–186 grader celsius (°C) vert det spalta og omdanna til karamell.[1]

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Plantar brukar sukrose til å transportera sukker over lange avstandar. Dei kan lagra stoffet i vakuolen.[3]

Hjå menneske vert stoffet spalta til monosakkarid i tynntarmen og teke opp i kroppen.[2]

Ei oppløysing av sukrose i vatn blir bruka som lett smertestillande hos spedbarn. Verknaden skuldast truleg ei aktivering av opioidsystemet i lekamen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Pedersen, Bjørn (30. september 2019). «sukrose». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 Lande, Britt (20. september 2019). «sukrose». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  3. «Sukrose - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no (på norsk), henta 11. januar 2020 
  • Ohlsson A, Taddio A, Jaddad AR, Stevens BJ: «Evidence-based decision making, systematic reviews and the Cochrane collaboration: implications for neonatal analgesia» i Anand KJS, Stevens BJ , McGrath PJ: Pain in neonates. 2. utg. Amsterdam 2000.
  • Matheson, I. Spedbarnskolikk--hva hjelper? Tidsskrift for Den Norske Lægeforening. 115(19):2386-9, 1995 Aug 20.
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.