Simon McBurney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simon McBurney

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. august 1957 (66 år)
Cambridge
Yrke sceneinstruktør, skodespelar, manusforfattar, filmprodusent, skodespelforfattar
Språk engelsk
Nettstad http://www.complicite.org/flash/
Simon McBurney på Commons
Simon McBurney ved Edinburgh International Festival i 2015.

Simon Montagu McBurney (fødd 25. august 1957)[1] er ein engelsk skodespelar, forfattar og regissør. Han er medgrunnleggjar av det engelske teaterselskapet Complicite.

Simon McBurney var fødd i Cambridge og studerte litteratur ved Peterhouse i Cambridge. Han tok teaterutdanning ved Jacques Lecoq-instituttet i Paris.

Han har spelt i fleire filmar som The Manchurian Candidate, The Last King of Scotland og The Theory of Everything, og gav stemme til «Kreacher» i Harry Potter-filmane. Han har hatt fleire fjernsynsroller, som Cecil i The Vicar of Dibley og Archdeacon Robert i Rev. Han skreiv og produserte Mr. Bean's Holiday.

McBurney er ein grunnleggjar og kunstnarisk leiar for Complicite, eit teaterselskap med base i Storbritannia som speler over heile verda. For selskapet har han regissert oppføringar som Street of Crocodiles (1992), The Three Lives of Lucie Cabrol (1994) To the Wedding, Mnemonic (1999), [The Elephant Vanishes (2003), A Disappearing Number (2007), A Dog's Heart (2010) og The Master and Margarita (2011). Han har også vore frilansregissør for produksjonar av The Resistible Rise of Arturo Ui og All My Sons (2008, begge i New York by) og komikarshow som So Much Things To Say av Lenny Henry og French and Saunders Live in 2000.

Fleire av verka hans har vore i samarbeid med John Berger.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • The Manchurian Candidate (2004)
  • Friends with Money (2006)
  • The Last King of Scotland (2006)
  • Golden Compass (2007)
  • Body of Lies (2008)
  • Robin Hood (2010)
  • Tinker Tailor Soldier Spy (2011)
  • Magic in the Moonlight (2014)
  • The Theory of Everything (2014)
  • Mission: Impossible – Rogue Nation (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Index entry». FreeBMD. ONS. Henta 20 January 2014.