Sine qua non

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sine qua non (latin, «utan kva ikkje») er eit uttrykk som blir brukt om noko som ein ikkje kan klare seg utan. «Bilen er blitt eit sine qua non».

Uttrykket kjem frå jussen, og heiter eigenleg conditio sine qua non – «vilkår utan kva ikkje» – ufråvikeleg vilkår, absolutt føresetnad. Dette betyr då at eit tilhøve eller ei handling har vore eit nødvendig vilkår for eit bestemt resultat: A set frå seg bilen med nøkkelen i medan barna leikar i nærleiken. A sin son startar bilen og køyrer på systera. A si aktlause handling er eit conditio sine qua non for skada som dottera blir påført.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]