Singitjåkka
Utsjånad
Singitjåkka (nordsamisk Siŋŋičohkka) er eit fjell i Kebnekaise-massivet i Kiruna kommune. Dei to høgaste toppane er 1704 og 1678 meter over havet.
På nordsida av fjellet går dalføret Singivagge (Siŋŋivággi) i ein vest-aust retning. Innsjøen Singijaure (Siŋŋijávrrit) ligg omtrent i midten av dalen. Elvane Siŋŋijohka og Šiellajohka renn høvesvis vestover og austover gjennom dalen.
Sør for fjellet går dalføret Ladtjovagge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Singitjåkka» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.