Sinj
| Sinj | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
| Land Fylke |
Kroatia Split-Dalmatia | ||||
| Flatevidd | 193,4 km² | ||||
| Innbyggjarar[1] • Bykommune (2021) • Byområde |
23 452 10 771 | ||||
| Koordinatar | 43°42′9″N 16°38′17″E / 43.70250°N 16.63806°E | ||||
| Høgd | 326 m | ||||
| Tidssone • Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | ||||
| Nettstad: http://www.sinj.hr/ | |||||
Sinj er ein tettstad og ein bykommune i fylket Split-Dalmatia i Kroatia.[2][3] Sjølve byen har 10 771 innbyggjarar (2021), medan heile kommunen med dei omliggande landsbyane har 23 452 innbyggjarar.[1]
Sinj er senteret for eit område kalla Cetinska krajina, ei gruppe busetjingar på den frodige karstsletta (Sinjsko polje) som elva Cetina renn over. Sinj ligg mellom fire fjell: Svilaja, Dinara, Kamešnica og Visoka. Fjella gjev Sinj eit særeige submiddelhavklima med varmare somrar og kaldare vintrar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen voks opp kring ei gammal festning heldt av osmanarane frå 1500-talet til slutten av 1600-talet, og eit fransiskanarkloster med kyrkja Vår frue av Sinj (kroatisk Gospa Sinjska), ein pilegrimsstad.
Jubileet for den siste sigeren over den osmanske armeen i 1715 vert feira årleg i starten av august med Sinjska alka, ein ryttarkonkurranse.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
| Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Sinj | 11 468 | 11 478 | 10 771 |
| Glavice | 3 876 | 3 753 | 3 597 |
| Brnaze | 3 223 | 3 184 | 3 124 |
| Turjaci | 1 169 | 1 138 | 1 014 |
| Obrovac Sinjski | 913 | 804 | 794 |
| Kommunen Sinj | 25 373 | 24 826 | 23 452 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sinj» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2011.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
