Siren Gjerme Eriksen
Siren Gjerme Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. desember 1956 (67 år) |
Yrke | diplomat |
Siren Gjerme Eriksen (fødd 13. desember 1956) er ein norsk siviløkonom, diplomat og ambassadør. Ho har vore norsk ambassadør til Australia, Cookøyane, Fiji, New Zealand, Papua Ny-Guinea og Tonga.
Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]
Eriksen er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskole. I 1989 blei ho tatt opp som aspirant i Utanriksdepartementet.[1] I 2009 blei Eriksen utnemd til ambassadør ved den norske ambassaden i Canberra i Australia,[2] med sideakkreditering som ambassadør til Cookøyane[3] seinare same år. I 2010 blei ho også sideakkreditert til New Zealand og Papua Ny-Guinea,[4] i tillegg til Fiji.[5] I 2012 blei ho utnemnd til ambassadør til Tonga.[6] Ho blei sitjande i Canberra til 2014.
Utnemningar[endre | endre wikiteksten]
I 2010 utnemnde Kong Harald Eriksen til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsfortjeneste».[7]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Aspiranter til UD», Aftenposten, 21. juni 1989, s. .
- ↑ Offisielt fra statsråd 6. mars 2009, regjeringen.no.
- ↑ Offisielt fra statsråd 11. desember 2009, regjeringen.no.
- ↑ Offisielt fra statsråd 5. februar 2010, regjeringen.no.
- ↑ Offisielt frå statsrådet 9. april 2010, regjeringen.no.
- ↑ Offisielt fra statsråd 10. februar 2012, regjeringen.no, besøkt 11. februar 2012.
- ↑ Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no. Hoffet benytter det feilaktige etternavnet Eriksern.
- Denne artikkelen bygger på «Siren Gjerme Eriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2024.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1956
- Norske siviløkonomar
- Norske diplomatar
- Norske ambassadørar
- Norske ambassadørar til Australia
- Norske ambassadørar til Cookøyane
- Norske ambassadørar til Fiji
- Norske ambassadørar til New Zealand
- Norske ambassadørar til Papua Ny-Guinea
- Norske ambassadørar til Tonga
- Den Kongelege Norske Fortenesteorden
- Elevar ved Noregs handelshøgskole