Ambassadør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'Ambassadørane' (1553) av Hans Holbein den yngre.

Ein ambassadør eller sendemann er ein utsending frå eit statsoverhovud til eit anna statsoverhovud. I tillegg finst det også ambassadørar ved store internasjonale organisasjonar som NATO, FN og EU.

Ein ambassadør er vanlegvis sjef for ein ambassade. Fram til 1942 var det berre stormakter sine representantar til andre stormakter som blei kalla ambassadør. Stormakter sine representantar til andre statar, og andre statar sine representantar, blei kalla minister.

Ambassadøren si oppgåve er å vareta eigen stat sine interesser i den staten eller dei statane han eller ho er utsend til. Ofte omfattar dette kulturutvekslingar og politiske og økonomiske oppgåver.

Ein ambassadør kan ha bakgrunn som karrierediplomat eller som politikar.

Noreg har ambassadørar til dei fleste statar i verda. Ofte vil ein ambassadør vere akredittert til fleire statar enn den staten der ambassaden ligg. Tilsvarande er det svært mange statar som har ambassadørar som held til i ambassadar i Oslo, eller som er akredittert til Noreg til dømes frå ein ambassade i eit av Noreg sine naboland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]