Sirkel Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sirkel Forlag er eit nytt norsk forlag av og for forfattarar. Som eit samvirkeføretak er Sirkel Forlag organisert som ei samanslutning av forfattarar som gjer ut sine eigne bøker. Dette er ei idemessig nyskaping i den norske forlagsbransjen. Forlaget gjer ut både trykte bøker i tradisjonelle genrar og format, e-bøker, og meir interaktive digitale utgjevingar. Forlagets første utgjeving, romanen Sondre, vart innkjøpt av Kulturrådet i desember 2016. Utgjeving nummer to, Anes veg, kom ut som papirbok i februar 2017 og finst som e-bok (på bokmål, nynorsk og engelsk), med lyd og animasjonar i det nye e-bokformatet ePub3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]