Sirkulær sannsynleg feil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sirkulær sannsynleg feil eller CEP (frå engelsk circular error probable) er ein talindikator for prosjektilvåpen eller missil sitt forventa treffområde, og eit mål på presisjonen. Talet vert oppgitt i meter på ein radius rundt målet der halvparten (50 %) av stridshovuda eller prosjektila treff. Med dette fylgjer at eit lågt tal gjev høg presisjon. Som døme kan nemnast den første amerikanske Pershing-raketten (MGM-31) med CEP på 400 meter, medan den neste versjonen, Pershing-2, hadde CEP på berre 30 meter.

Normalfordeling (bell curve) i tre dimensjoner

CEP byggjer på ei multivariat normalfordeling, men kan også synast ved hjelp av normalfordeling. Sannsynstettleiksfunksjonen til normalfordelinga gjev

,

der μ er venta verdi (her sentertreff) og σ er standardavvik (gjeve i gjennomsnittleg feilradius). Ei grafisk framstilling med feilmargin langs den horisontale aksen og talet på treff langsmed den vertikale aksen vil danne ei kurve som minner om ei bjølle – derav det engelske uttrykket bell curve. CEP gjev då det prosentvise middelavviket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]