Siste glasiale maksimum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegetasjon under siste glasiale maksimum

Siste glasiale maksimum (engelsk Last Glacial Maximum, forkorta LGM) viser til tida under den siste istida då isdekket var på sitt største. Dette fann stad for rundt 21 500-21 000 år sidan.[1][2] Då var den globale gjennomsnittstemperaturen rundt 5°C lågare enn i dag. Klima over heile verda var tørrare,[1] medan havnivået var rundt 125 meter lågare, ettersom mykje av vatnet i verda låg låst i isen.[2]

På denne tida dekte innlandsis mykje av den nordlege halvkula. I Europa var Skandinavia, Dei britiske øyane Nordaust-Europa og delar av Sibir dekte av det skandinaviske isdekket. Store delar av Nord-Amerika låg under Laurentid-isdekket og andre isbrear. Det fanst også ei mengd brear i fjella i andre område, også sør i verda som i Sør-Amerika og Afrika.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Chris Park; Michael Allaby, «Last Glacial Maximum», A Dictionary of Environment and Conservation, Oxford University Press 
  2. 2,0 2,1 2,2 Stephen T. Jackson (10. desember 2016), «Climate change», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc. 


  • T.O. Vorren og J. Mangerud (2006). «Istider kommer og går». I I.B. Ramberg, I. Bryhni og A. Nøttvedt. Landet blir til: Norges geologi. Norsk Geologisk Forening. s. 478–531. ISBN 978-82-92344-31-6.