Sjåvinisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjåvinisme (fransk chauvinisme) er ein overdriven og fanatisk patriotisme. Uttrykket er mest bruka om å fremje og forherleggjere eiga gruppe eller nasjonalitet.

Uttrykket kjem frå den skrytande franske soldaten Nicolas Chauvin, som skal ha vore ein veteran frå Napoleonskrigane, og som dessutan var framstilt som ein erobringsivrig soldat i brørne Coignards vaudeville La Cocarde tricolore[1] frå 1831.[2][3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. La cocarde tricolore er eigenleg namnet på ein rosett med dei tre fargane i det franske flagget, og har vore nytta som nasjonalt symbol sidan revolusjonen i 1789.
  2. Chauvinism i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1906)
  3. snl.no: Sjåvinisme