Sjællands Odde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°57′N 11°28′E

Sjællands Odde ytst ved Gniben.
Foto: Nils Jepsen

Sjællands Odde er ei landtunge på nordvestre Sjælland i Danmark. Den strekkjer seg vestover frå byen og kyrkjestaden Højby og endar ved neset Gniben i Kattegat.

Odden er maksimalt ein kilometer brei og lengda om lag 20 km. Danske riksveg 21 strekkjer seg heilt til ut til Gniben.

Sidan 1966 har det vore ferjesamband til Ebeltoft og frå 1999 også til ÅrhusJylland. Begge strekningane blir trafikkerte av raske katamaranar.