Hopp til innhald

Sjølvbilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjølvbilete eller sjølvbilde er den oppfatninga eit individ har om seg sjølv, ein kan ha ei god eller dårleg oppfatning av seg sjølv.[1] Sjølvbilete er ein del av eins personlegdom, som vert styrt av sosiale, fysiske, personlege og kognitive faktorar. Dette påverker eit individ sitt høve til andre individ og Samfunnet elles.[2] Individ kan nytta forsvarsmekanismar for å unngå å skada eins sjølvbilete.

Omgrepet sjølvbilete vert nytta i psykologi, psykoterapi, pedagogikk og i historiske analysar, men også i daglegtale («Han/ ho/hen har eit dårleg sjølvbilete»).

  1. «Ordbøkene.no - Bokmålsordboka og Nynorskordboka», ordbokene.no (på norsk), henta 5. november 2022 
  2. Svartdal, Frode (20. november 2020). «selvbilde». Store norske leksikon (på norsk bokmål).