Individ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit individ, ein katt.

Eit individ (frå latin individuum som tyder 'udeleleg')[1] er ein enkelt person eller ei enkelt organisme, dvs. ein unik og meir eller mindre autonom eining. I det biologiske kompleksitetshierarkiet er individet eitt av dei viktigaste nivåa, som ligg mellom cella og populasjonen. (Hjå eincella organismar er individet per definisjon det same som cella.)

Det er ikkje alltid eintydig å avgrense eit individ. I dyrekoloniar som hjå sosiale insekt (t.d. bier, maur) kan enkeltorganismar ikkje overleve utan resten av samfunnet, men har likevel autark åtferd og vert difor rekna som enkelt individ. I andre koloniar, som hjå mosdyr eller polyppar, kan enkeltorganismane i tillegg vere genetisk identiske og oppretthalde cellulære forbindingar mellom organismane, slik at dei utgjer fysiologiske eininga saman med naboane. Her kan det vere nokså vilkårleg å avgrense enkelte individ. Nokre av desse koloniane kan med rette reknast som superorganismar. Det same gjeld for mange plantar som formeirer seg ved knoppskyting. Her nyttar ein ofte nemninga genet (for genetisk avgrensa individ) og ramet (for fysiologisk avgrensa individ) for å unngå misforståingar.

Hjå dei fleste dyr, inkludert menneske, oppstår det sjeldan slike vanskar. Einegga tvillingar er er genetisk identiske men heilt klart to ulike individ, fordi dei blir utsette for ulike miljøpåverkingar og kan handle uavhengig. Overgangen mellom siamesiske tvillingar og teratomar (svulstaktige dobbeltdanningar av organ) er derimot flytande.

Det er også umuleg å gje eit nøyaktig tidspunkt for når individualiteten byrjar i tid. Spesielt i ovipare (levandefødande) artar som menneske blir fosteret gradvis levedyktig, og blir ikkje helt uavhengig før (ev. lenge) etter fødselen.

I filosofien nyttar ein individomgrepet i ei mykje vidare tyding, sjå partikulare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tranøy, Knut Erik (20. februar 2018). «Individ». Store norske leksikon. Henta 16. august 2018.