Sjøpølse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøpølse
Cucumaria miniata.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Deuterostome dyr Deuterostomia
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Underrekkje: Echinozoa
Klasse: Sjøpølse Holothuroidea

Sjøpølse (Holothuroidea) er ei biologisk gruppe innan pigghudingar. Dei har pølseforma kropp utan fast skjelett, men med spreidde kalklekamar i den tjukke lêrhuda, og med ein kraftig hudmuskelsekk innanfor. I motsetnad til andre pigghudar har kroppen hovudaksen (munn–analopning) parallelt med underlaget. Sjøpølsene får derved ein viss ytre likskap med leddormar, og denne likskapen er forsterka ved at den radiære symmetrien er lite tydeleg. Sjøpølser lever av plankton eller organisk avfall på havbotnen.[1]

Klassen omfattar ca. 1200 nolevande artar på verdsbasis, og 31 artar er kjende frå Noreg.[1]

Holothuria tubulosa (a - tentaklar, b - analopning, c - sugeføter på buksida, d - papillar på ryggsida)

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I Aust-Asia har sjøpølsa lange tradisjonar innen mat og medisin. I Japan, der ho blir kalla namako (ナマコ、海鼠) blir ho brukt på ulike måtar, men det er vanleg å eta henne saman med annan sjømat og grønsaker marinert i riseddik. Innmaten, kalla konowata (コノワタ、海鼠腸), blir også eten, og det samme gjeld rogna, som blir kalla konoko (コノコ、海鼠子). Rogna kan etast rå, men blir ofte tørka til trekanta flak, og er rekna som ein delikatesse. Både konowata og konoko kan etast med eddik eller med salt.

Sjøpølsa blir også brukt tørka i tradisjonell kinesisk medisin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sømme, Lauritz S. (9. august 2018). «sjøpølser». Store norske leksikon (på norsk).