Sjakkoppgåve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjakkoppgåver kan vere av fleire typar. Vanlegvis er det snakk om ei stilling på eit sjakkbrett, med opplysing om kven som er i trekket, og med ei tilhøyrande forklaring på kva oppgåva går ut på. Vanlegvis er det kvit som er i trekket.

Sjakkproblem[endre | endre wikiteksten]

Ei sjakkoppgåve kan vere sjakkproblem, med komponerte stillingar, med krav til økonomi, tema, estetikk og eintydig løysing, f. eks. matt i 2 eller 3 trekk. Desse stillingane er stort sett så uvanlege i strukturen i forhold til stillingar frå vanlege sjakkparti at det er lite treningseffekt å hente for sjakkspelarar i å løyse slike sjakkproblem.

Slike komponerte sjakkproblem kan også vere studiar, sluttspelstillingar med tilsvarande krav til økonomi, tema, estetikk og eintyding løysing, men der kravet antan er at spelaren i trekket skal vinne eller halde remis. Mange sluttspelstudiar inneheld element av stor praktisk nytte for turneringsspelarar, og lærebøker om sluttspel inneheld mange slike studiar.

Praktiske sjakkoppgåver[endre | endre wikiteksten]

Sjakkoppgåver kan også vere stillingar tatt frå faktiske sjakkparti, eller konstruerte partilike stillingar. Oppgåva kan då vere å kome med ei vurdering av stillinga, og kome med forslag til kva spelaren i trekket bør gjere. Viss oppgåva er av taktisk art, vil her vanlegvis vere eintydige løysingar, men det er ikkje noko i vegen for at oppgåva kan ha fleire løysingar. Viss oppgåva er av strategisk art, kan den også ha eintydige svar, men det vil då ofte vere større rom for vurderingar og at oppgåveløysaren til dømes får poeng etter kor bra trekket vedkomande foreslår er i forhold til fasitsvara.

Det finst svært mange sjakkbøker med slike praktiske sjakkoppgåver til treningsbruk for sjakkspelarar. Bøkene og oppgåvene er gjerne av ulik vanskegrad, frå nybegynnarbøker til bøker med oppgåver for sterke spelarar. Det er gjerne aukande vanskegrad i bøkene også. I bøkene er oppgåvene ofte oppdelt etter tema, så som oppgåver som går ut på å sette matt, og oppgåver om taktiske tema, som dobbeltangrep, spiddar, binding, avdekkar osv.

Andre typar sjakkoppgåver[endre | endre wikiteksten]

Det finst alle moglege typar sjakkoppgåver i tillegg til desse hovudkategoriane - berre den menneskelege fantasien for kva ein kan få til med 64 ruter og sjakkbrikker set grensa.

Eit par eksempel:

  • Retrograd analyse, der ein ut frå ei stilling skal kome fram til korleis stillinga har oppstått - kva var det siste eller dei siste trekka før stillinga oppstod?
  • Springarturen - ein springar blir plassert på ei tilfeldig rute, og skal gå rundt på alle dei 64 rutene på brettet og kome tilbake til utgangspunktet utan å vere innom noko rute meir enn ein gong.