Sjakti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudinnestatue (sjri Marikamba devi) frå Karnataka.

Sjakti eller shakti er eit omgrep innan hinduismen som kan visa til kvinneleg guddommeleg skaparkraft og energi, eller til ei gudinne. Gudinna kan vera maken til ein mannleg gud, eller vera den øvste guddommen. Ho er hovudguddommen i sjaktismen. Ofte blir gudinna Sjakti identifisert med Mahadevi, Durga eller Kali. I rolla som guddommeleg mor blir ho ofte kalla Adi Sjakti eller Adi Parasjakti.

Sanskritordet sjakti (devanagari शक्ति, IAST Śakti) tyder bokstaveleg 'kraft, styrke, evne, makt' eller 'energi'.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Williams, Monier. «Monier-Williams Sanskrit-English Dictionary». faculty.washington.edu. śaktí f. power, ability, strength, might, effort, energy, capability