Durga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Durga i tradisjonell utforming i Burdwan i Bengal.

Durga er ei av hovudformene til morgudinna i hinduismen. Durga blir framstilt som ei vakker og mektig kvinne. Ridedyret hennar er ei løve eller ein tiger, og ho blir ofte framstilt med fleire par armar som held ulike våpen, med ein demonkonge ho har sigra over, Mahisjasura, ved føtene. Ho er rekna som maken til Sjiva, men opptrer som oftast åleine.

Durga-dyrking er utbreidd i India, med Bengal, Nepal og Himalaya som viktige kjerneområde. Durga-festen eller Durga-podja blir feira om hausten i samband med høgtida navaratri ('ni netter').

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Durga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]