Hopp til innhald

Sjimpansar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjimpansar
Sjimpanseungar i Kongo-Brazzaville. Foto: Delphine Bruyere
Sjimpanseungar i Kongo-Brazzaville.
Foto: Delphine Bruyere
Utbreiing
Kart som viser utbreiinga til ulike sjimpansar. Dvergsjimpansen lever i det raude området, ulike underartar av vanleg sjimpanse i dei andre.
Kart som viser utbreiinga til ulike sjimpansar. Dvergsjimpansen lever i det raude området, ulike underartar av vanleg sjimpanse i dei andre.
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Familie: Hominidae
Understamme: Panina
Slekt: Sjimpansar Pan
Oken, 1816

Sjimpansar (Pan) er ei slekt primatar med to arter, vanleg sjimpanse (Pan troglodytes) og dvergsjimpanse eller bonobo (Pan paniscus). Sjimpansen lever i Vest- og Sentral-Afrika medan dvergsjimpansen lever i Kongo-Kinshasa. Dei to artane er skilde av Kongoelva. Begge er rekna som truga.

Sjimpanseslekta er nærast nolevande slektningar til mennesket. Ein reknar med at slektene Pan og Homo skilde lag for 4-7 millionar år sidan. Sjimpansane og dvergsjimpansane skilde lag for 1–2 millionar år sidan, kanskje i samband med at Kongoelva blei til for rundt 2 millionar år sidan.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sjimpansar
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.