Sjokoladen Hobby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hobby er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1973.

Sjokoladen Hobby er ihopsett av eitt lag med gelé med banansmak og eitt lag med mjukt, søtt skum som blir pressa saman og dekt med mjølkesjokolade.

I tillegg til sjokoladen på 48 gram, kan ein hitta Hobby i godteposane «Nidar Favorittar» og «Smågodt Favorittar».

Historia[endre | endre wikiteksten]

I 1973 var Hobby selt som ein sjokolade på 12 gram. I 1978 vart ein større variant på 30 gram introdusert og tok ein stor part av salet frå den førre, litle varianten. I 1980 lanserte Nidar endå ein variant; Hobby på 48 gram, som er den einaste typen av Hobby-sjokoladen som er i sal i dag. I 1989 og 1990 lanserte Nidar to nye smakar på Hobby-sjokoladen; Bringebær og tutti frutti. Desse to kom ikkje til å bli populære nok, og vart fort fjerna frå butikkhyllene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]