Sjokolade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjokoladekake.

Sjokolade er ei populær matvare brukt i mange rettar, særleg dei med søt smak. Ein bruker sjokolade til å laga sjokoladplater og sjokoladedrikkar, som kakao, i is og kaker, og i visse sausar. Sjokolade blir gjerne brukt ved særskilde høve, til dømes som fødselsdagsgåve eller for å feira påsken.

Ordet sjokolade kjem frå aztekarspråket nahuatl. Aztekarane kalde han xocoatl, som tyder bitter drikk. Dei blanda den reine, bitre sjokoladen med krydder, vanilje og litt honning som berre høgstatuspersonar kunne nyta.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Sjokoladepulveret blir laga ved å gjæra, brenna og mala bønner frå kakaotreet. Som regel tilset ein ulike stoff for å mildna den bitre smaken, til dømes sukker og mjølk. Så kan ein laga til dømes godteri eller sjokoladepålegg.

Sjokoladetypar[endre | endre wikiteksten]

Ulike fargevariantar av sjokolade.

Bønner[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre ulike kakaobønner ein kan laga sjokolade av. Criollo, også kalla mayasjokoladen, er den dyraste og sjeldnaste, og gjev òg den beste sjokoladen. Ein tidel av sjokoladen i verda kjem frå denne bønna. Forastero står for hovuddelen av produksjonen. Dette er ein meir hardfør plante som derfor gjev billigare bønner. Trinitario er ein hybrid av dei to andre sortane, og står for nok ein tidel av all sjokoladen.

Fargar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste tenker nok på brun som sjokoladefargen, men det finst òg kvit sjokolade. Rein sjokolade er svært mørkt brun. Jo meir feitt ein bruker for å laga sjokoladen, jo lysare blir han. Kvit sjokolade er laga av feittet frå kakaobønna, utan noko sjokoladepulver.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Sidan lys sjokolade inneheld mykje sukker kan den ha ein uheldig effekt på helsa, medan mørk sjokolode med 55–80 % kakao kan gje helsegevinst på grunn av kakaoen sin gode effekt på helsa.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.