Skøyen stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skøyen stasjon fotografert våren 2009.
Foto: Kjetil Ree

Skøyen stasjon er ein jarnbanestasjon for persontrafikk på DrammensbanenSkøyen, vest i Oslo, opna i 1872 med namnet Tyskestranden. Frå 1876 til 1903 var namnet Bygdø, ettersom landevegen frå halvøya Bygdøy kom inn her.

Stasjonen har stor trafikk og er bygd om fleire gongar, seinast i 1998, og har no fire spor og to plattformer med tilgang gjennom inngangar under spora og trapper og ramper opp. Stasjonsbygningen i mur som vart sett opp i 1915-1916 i samband med at Drammensbanen vart bygd om frå eitt spor til dobbeltspor på strekninga, er teke vare på og inkorporert i den noverande stasjonen. Denne bygningen, som erstatta den opphavlege stasjonsbygningen i tre i sveitserstil (som vart flytta til Billingstad stasjon og nytta som stasjonsbygning der), vart teikna av arkitekt Einar Gleditsch hjå NSBs arkitektkontor.

Skøyen stasjon er endestasjonen i Oslo for fleire lokaltog på liner som kjem inn til byen over Oslo Sentralstasjon, og er knytt beinveges til store areal med oppstillingsspor både i stroket Skøyen – Bestum (fram til den nedlagde Bestun stasjon) og på Filipstad i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]