Skea kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skea kyrkje skal i mellomalderen ha stått på garden Skea, like nordaust for Lørenfallet i Sørum. Dette er berre eit par kilometer frå hovudkyrkja i Sørum, men Skea er omtala som sokn i 1412.[1] Mot dette hevdar Jan Brendalsmo[2] at omtale av soknet ikkje utan vidare inneber at kyrkja var i bruk. Ho kan ha vore ute av bruk på 1400-talet. I biskop Eystein Aslaksson si jordebok[3] vert det da òg sagt at det ikke vart ført rekneskap for året 1400, og for 1393 finst inga opprekning av landskyld, slik det er for nabokyrkjene. Kyrkjestaden let seg ikkje påvise fysisk, for i 1768 vart garden Skea ramma av eit leirskred der 16 menneskeliv gjekk tapt. Men då hadde kyrkja vore nedlagd i lang tid. Ein veit ingenting om korleis kyrkja såg ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Diplomatarium Norvegicum V:481
  2. Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang. Middelalderske kirkesteder i Akershus (Riksantikvaren, 2015), s. 28.
  3. Henrik-Jørgen Huitfeldt-Kaas, red. (1958). Biskop Eysteins Jordebog (Den røde Bog). Fortegnelse over det geistlige Gods i Oslo Bispedømme omkring Aar 1400 3. Børsum. s. 560. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]