Oluf Rygh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Oluf Rygh
Prof oluf rygh.jpg
Fødd 5. september 1833
Verdal
Død 19. august 1899
Nome
Nasjonalitet Noreg
Yrke antropolog, arkeolog, historiker, filolog, historikar, universitetslærar
Institusjonar Universitetet i Oslo
Alma mater Trondheim katedralskole
Medlem Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Oluf Rygh (5. september 183319. august 1899) var ein norsk arkeolog og historikar. Han var professor i historie ved Universitetet i Oslo mellom 1866 og 1875, styrar av Oldsaksamlinga frå 1862 og professor i nordisk arkeologi frå 1875. Han var den første professor i arkeologi ved eit skandinavisk universitet. Han er kjend for si utgraving av Tuneskipet i 1867]og sine publikasjonar Norske Oldsager frå 1885.

I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen. På bakkgrunn av det innsamla materialet starta Oluf Rygh utgjevinga av storverket Norske Gaardnavne som kom ut med 18 band frå 1897 til 1919. Eit tilleggsband kom ut i 1924. I dette verket vert det gjeve historiske opplysningar om namna til alle matrikkelgardane i Noreg, og det er opplyst korleis namnet vart uttalt i folkeleg uttale.

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved broren Karl Ditlev Rygh 1904)

Publikasjoner[endre | endre wikiteksten]

  • 1869 – Om den ældre Jernalder i Norge
  • 1877 – Om den yngre Jernalder i Norge
  • 1882 – Gamle bygdeborge i Norge
  • 1885 – Norske Oldsaker
  • 1897 – Norske Gaardnavne
  • 1901 – Gamle Personnavne i norske Stedsnavne
  • 1904 – Norske Elvenavne

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]