Skiens Ballklubb
Utsjånad
| Skiens Ballklubb | |||
| Skipa | 31. august 1921 | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Skiens BK | ||
| Heimebane | Skienshallen | ||
| Land | Noreg | ||
| By | Skien | ||
| Stad | Skien kommune | ||
Skiens Ballklubb er eit idrettslag heimehøyrande i Skien i Telemark. Laget vart stifta 31. august 1921 då to bydelslag slo seg saman. Ballklubben er aktivt med i fotball og handball. Ei tid hadde idrettslaget også ei skigruppe. Skiens BK spelar i grøne trøyer og kvite bukser.
Fotballaget til Skiens BK deltok i Norgesserien 1937-40. Sidan 1980 har ballklubben sitt handballag for karar vore idrettslaget sine mest framgangsrike utøvarar med spel i toppserien fleire sesongar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skiens Ballklubb» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mai 2024.