Hopp til innhald

Skigåing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skigåing i preparerte løyper

Skigåing er å komma seg fram med ski på beina i snødekt terreng. Både det å røra seg i plant terreng, det å klatra i motbakkar og det å renna i utforbakkar blir rekna som skigåing. Ski var før eit framkomstmiddel om vinteren. Skigåing er nå mest ein sports-, trim- og leikeaktivitet, samt ein måte å driva friluftsliv på.

Ofte preparerer kommunar eller idrettsklubbar løyper for skigåing til ålmenn bruk.

Konkurranseforma av skigåing blir kalla langrenn og alpint.