Skillbotnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skillbotnfjorden er ein delfjord av Torgfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 10 km nordaustover til Skille i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Svennøya i vest og Rodal i aust og går på sørsida av øyane Svennøyhestøya, Laukholmen, Horsøya og Kjøllsøya. Vest for Kjøllsøya ligg grenda Skomo på nordaustsida av fjorden. Her smalnar fjorden inn til Skillbotnet som går det siste stykket inn til Skille.

Fylkesveg 17 går langs heile søraustsida av fjorden.