Skjerstad
| Skjerstad kommune | |||
| Tidlegare norsk kommune | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland fylke | ||
![]() Skjerstad kommune 67°07′01″N 15°00′04″E / 67.117°N 15.0011°E | |||
| Wikimedia Commons: Skjerstad (former municipality) | |||
Skjerstad er ein tidlegare kommune i Nordland fylke.[1] 1. januar 2005 vart Skjerstad innlemma i Bodø kommune, med servicetorg i Misvær. Den 1. januar 2004 hadde kommunen 1 030 innbyggjarar.
Namnet «Skjerstad» er opphavleg eit gardsnamn, norrønt Skírastaða. Fyrste leddet er truleg eit elvenamn som kan koma av skírr, 'rein, klar'.[1]
Området ligg sør for Skjerstadfjorden, den midterste delen av Saltfjorden, som skjer seg inn frå Bodø. Då kommunen vart oppretta i 1837 dekka han område på begge sider av Skjerstadfjorden. I 1963 gjekk områda på nordsida inn i dåverande Bodin kommune, seinare ein del av Bodø.[1]
Skjerstadfjorden er 32 km lang og opp til 8 km brei. Frå sør går den 16 km lange Misværfjorden opp til Skjerstadfjorden. Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1284 meter over havet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Skjerstad (tidligere kommune)» i Store norske leksikon, snl.no.
