Skjomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørskjomen, den inste delen av Skjomen

Skjomen (samisk Skievvá) er ein fjordarm på sørsida av Ofotfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 24 km sørover til Skjombotn.

Fjorden har innløp mellom Vidrek i vest og Skjomneset i aust. Den ytste delen er forholdsvis smal og vert kalla Trongskjomen. Her kryssar E6 fjorden via den 711 meter lange Skjombrua. Innover frå her følgjer Fv761 austsida innover. Eit stykke inni fjorden ligg grenda Lengeneset på austsida av fjorden, medan Sandvika ligg lenger inn.

Ved Reinneset deler fjorden seg i to. På austsida ligg bygda Elvegård, medan Sørskjomen held fram på vestsida inn til Skombotn.