Skogsfjorden i Karlsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skogsfjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 5 km sørover til Sørkjosen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Tisneset i vest og Trollvikneset i aust. Fjorden ligg på sørsida av Skagøysundet med Rebbenesøya på nordsida av sundet. Grenda Skogsfjord ligg på austsida av fjorden, i tillegg til gardane Nygård, Solheim og Nyvoll. Like nord for Skogsfjorden ligg grenda Mikkelvik.

Fv302 går langs austsida av fjorden.