Skorde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rødven stavkyrkje er veggane stødde med skorder
Foto: Frode Inge Helland

Ei skorde eller skore er ei støtte som i ulike samanhengar vert brukt for å hindre at noko skal falle eller velte. Skorda er ofte ein trestokk.

Ulike bruksområde:

  • Skorder vert brukt til å stø høyhesjane så dei ikkje skal velte. Dette vert særleg brukt på stader der jorda er grunn eller på stader som er utsette for vind. Slike skorder har gjerne ei greinkløft i enden som vert stødd mot hesjestauren.
  • Tidlegare var det ikkje uvanleg at veggar på større bygg, som til dømes stavkyrkjer, vart stødde med skorder.[1]
  • Under båtbygging vert skorder brukte til å stø båten eller til å presse delar på plass.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Øystein Ekroll: Rovde kyrkje: Årbok for Sunnmøre 2007
  2. Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. 2008