Ørken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørken i Marokko
Største ørkenar
Åsar i Judeaørkenen
Satellittbilete av Sahara; den største varme ørkenen i verda.
Snødekket på Dome C Station i Antarktis syner korleis det meste av overflata på kontinentet ser ut.

Ein ørken er eit landskap eller ein region som får særs lite nedbør. Ofte vert ørkenar definert som område med mindre enn 250 mm nedbør per år,[1] eller område der meir vatn fordampar enn det som vert tilført via nedbør.[2] I Köppen si klimaklassifisering er ørkenar definert som BWh (varm ørken) eller BWk (temperert ørken). Ørkenar har ofte lite eller ingen vegetasjon.[3][1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ørkenar utgjer om lag ein tredjedel av landoverflata på jorda.[1] Varme ørkenar har vanlegvis store temperaturvariasjonar gjennom dagen og frå årstid til årstid, med høge dagtemperaturar og låge nattetemperaturar (på grunn av den låge fukta). I varme ørkenar kan temperaturen nå 45 °C eller høgare på dagtid om sommaren, og verte 0 °C eller lågare om vinteren. Vassdamp i lufta svekkar den infraraude solstrålinga som når bakken om dagen og hindrar varmestrålinga bort frå bakken om natta, og i dei tørre ørkenane forsvinn denne effekten. Byområde i ørkenar syner som regel ikkje denne døgnlege temperaturvariasjonen, hovudsakleg på grunn av varmeøyeffekten.

Mange ørkenar oppstår i området med regnskugge, der fjell blokkerer tilførsel av nedbør til området. Ørkenar består ofte av sand eller steinflater. Sanddyner som ergar eller steinete overflater kalla hamadaflater utgjer berre ein mindre del av ørkenane. Typisk har ørkenane steinete terreng med minimal utvikling av jordsmonnet og lite vegetasjon. Jordsmonnete er steinete på grunn av den låge kjemiske nedbrytinga.

Søkk i terrenget kan vere dekte av saltflater. Eoliske prosessar (vind) er ein av dei viktigaste faktorane som former ørkenlandskapa.

Kalde ørkenar eller polarørkenar syner liknande trekk, bortsett frå at nedbøren i stor grad kjem som snø og ikkje regn. Antarktis er den største kalde ørkenen i verda og 98 % består av ein tjukk kontinental iskalott og 2 % består av bart fjell. Tørrdalane er eit område i Antarktis som nesten aldri får noko snø i det heile, og islagte saltsjøar tyder på at fordampinga er langt større enn snøfallet. Den kraftige katabatiske vinden fordampar sjølv direkte frå is, så dalane har store område med isfrie overflater der isen har fordampa.

Den største varme ørkenen i verda er Sahara.

Ørkenar inneheld stundom verdifulle mineralar som anten har vorte danna i dei tørre omgjevnadane eller som har kome til overflata på grunn av erosjon. På grunn av dei særs tørre tilhøva er somme ørkenar ideelle stader for å bevare lekamar eller fossil.

Dei 10 største ørkenane
Rank Ørken Areal (km²)
1 Antarktis 13 829 430
2 Arktis 13 700 000+
3 Sahara (Afrika) 9 100 000+
4 Den arabiske ørkenen (Midtausten) 2 330 000
5 Gobiørkenen (Asia) 1 300 000
6 Kalahariørkenen (Afrika) 900 000
7 Patagoniaørkenen (Sør-Amerika) 670 000
8 Great Victoria-ørkenen (Australia) 647 000
9 Syriaørkenen (Midtausten) 520 000
10 Great Basin (Nord-Amerika) 492 000

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Kva er ein ørken?
  2. «desert». Encyclopædia Britannica online. http://www.britannica.com/eb/article-70815/desert. Henta 30. april 2009. 
  3. 1911 Encyclopedia Britannica
Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.