Skorstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rykande russiske skips-skorsteinar.
Skorstein på eit bustadhus i Graz i Austerrike.
Rykande skorsteinar på varmekraftverk Nord (Müllverbrennungsanlage) i München i Tyskland.

Skorstein, pipe og skorsteinspipe er nemningar for slike røykkanalar i bustadhus, fabrikkbygningar og andre innretningar, skip, damplokomotiv osb. som førar røyken eller avgassen frå eldstader, dampmaskinar, motorar og liknande opp i fri luft.

Røyken eller avgassen vert drive opp i skorsteinen og ut i fri luft som fylgje av at avgassøyla i skorsteinen er lettare enn lufta i omgjevnaden. For at denne sokalla skorsteineffekten skal oppstå og verke tilfredsstillande, må det vere rett tilhøve mellom høgda og den indre diameteren på skorsteinen i høve til temperaturen og mengda på røyken eller avgassen som skal førast vekk. Dessutan må ein syte for at skorsteinen er innretta slik at vinden ikkje kan presse røyken nedover i skorsteinen. Industriskorsteinar, som kan vere frittståande eller integrert i bygningen skorsteinen skal tene, er ofte særs høge for å få tilfredsstillande effekt, og for å få spreia avgassane i så stor høgd over bakken at dei vert til minst mogleg ulempe for omgjevnaden. Skorsteinar i bustadhus er så godt som alltid bygd som ein integrert del av huset, og stikk meir eller mindre høgt opp over taket på huset.

Skorsteinar kan lagast av oppmurt teglstein, betong, stål og andre eldfaste eller ikkje brennbare materiale, ofte i ulike kombinasjonar.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skorstein