Skotnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°12′21.874″N 12°23′38.224″E

Flyfoto tatt frå aust. Skotnesfjorden er til høgre opp på biletet
Foto: Erlend Bjørtvedt

Skotnesfjorden er ein fjordarm av Bindalsfjorden i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til Sagbotn i botn av fjorden. Den indre delen av fjorden vert kalla Selfjorden

Fjorden ligg aust for øyane Stavøya og Imøya. Innløpa mellom desse øyane er Skotnessundet i nord og Stavøysundet i vest mellom Stavøya og Imøya og Kråksundet sør for Imøya. Garden Skotnes ligg på nordsida av fjorden og har ikkje vegsamband til resten av omverda. Nord for Skotnes ligg Skotnesfjellet eller Kalfjellet med ei høgd på 353 meter over havet.