Skovorodino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skovorodino
Сковородино
Plassering
Skovorodino is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Amur oblast
Grunnlagd
Bystatus
1908
1927
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

9 788
Koordinatar 53°59′″N 123°56′″EKoordinatar: 53°59′″N 123°56′″E
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Postnummer 676010
Retningsnummer (tlf) +7 41654
Bilnummer 28

Skovorodino (russisk Сковородино) er ein by i Amur oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved den nedre delen av elva Bolsjoj Never, rundt 480 km nordvest for Blagovesjtsjensk.

Skovorodino vart grunnlagd i 1908 som busetnaden Zmeinyj (russisk: Змеи́ный) under bygginga av den transsibirske jernbanen. Namnet vart seinare endra til Never-I (russisk: Невер-I) etter elva byen ligg ved og i 1911 vart namnet endra til Rukhlovo (russisk: Рухлово). Han fekk bystatus i 1927. I 1938 vart namnet på byen endra igjen, denne gongen til Skovorodino, til ære for A. N. Skovorodin (1890–1920), formann for eit lokalt sovjet, som vart drepen her.

Den historisk viktige landsbyen Albazino ligg i dette området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.