Skurlast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skurlast er trelast skore direkte av tømmerstokkane med sag, eller framstilt ved kløyving eller ved splitting.

Skurlast vert framstilt på eit sagbruk og skoren i standard dimensjonar, målt i millimeter. Utgangspunktet for standarden er den gamle eininga tomme. Skurlasten kan vere gjennomskåre, det vil seie at plankane eller borda har stokkens opphavlege ytterkantar, eller kan vere skåre skarpkanta.

Alt etter tjukkleik og breidde vert skurlast kategorisert som lekter, rekker, bord, plankar og firkantar. Mesteparten av skurlasten blir no for tida kløyvd/høvla til stender, bjelkar, kledning, paneler, listverk osb.

I moderne byggjeverksemd blir det stort sett berre nytte justert trelast. Dette er skurlast som etter tørkinga er justert til eksakte mål med ein definert toleranse, og med plane, parallelle flatsider. Justert skurlast har to millimeter mindre mål enn skurlast, og er glatthøvla på tre eller fire sider. Justeringa vert vanlegvis gjort med høvelmaskin, men dette er i og for seg ikkje eit vilkår.

Trelast med høvla glatt overflate, som anten er plan eller forma til forskjellige profilar, blir kalla høvellast.