Skycar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skycar M400

Moller Skycar er ein såkalla personleg VTOL (Vertical Take-Off and Landing). Det vil seie ein flymaskin som skal brukast av privatpersonar. Han vert utvikla av Paul Moller, Professor Emeritus ved UC Davis. Professor Moller har arbeidd med å utvikle ein VTOL til personleg bruk i nesten 40, og i 2003 vart han belønna, då hans Skycar M400 for klarte å gjennomføre ein testflyging. No arbeider professor Moller med å redusere kostnader og problem med M400 såpass at han kan seljast kommersielt.

Målet er at M400 skal vere eit firemanns transportmiddel som kan brukast og køyrast av kven som helst, omtrent som ein vanleg bil. Skilnaden ligg i at Skycar, i motsetning til ein vanleg bil, er ein flymaskin. For at einkvan skal kunne bruke Skycar, må mykje av styringa vere overlate til ein sentral for flyrafikk og til ein autopilot i maskinen, som tek seg av storparten av flyinga. Det einaste sjåføren må gjere er å fortelje maskinen kor han skal og kor fort han skal køyre, så vil maskinen gjere resten.

Maskinen nyttar 8 Wankelmotorer for fram- og oppdrift, som gir ein marsjfart på ca. 450 km/t. Wankelmotorer er ikkje dyre, noko som gjer at det vil vere mogeleg å få prisen på ein M400 ned på same nivå som ein vanleg bil. Likevel reknar Moller med at dei fyrste modellane vil koste oppimot 1 million US Dollar.

I følgje Professor Moller, vil den fyrste kommersielle typen Skycar vere like stor som ein vanleg bil, slik at han får plass i ein garasje, bruke om lag like mykje bensin som ein stor bil, ha fallskjerm for heile maskinen og kunne køyre korte avstander på vanleg veg, for å kunne komme seg til spesielle flyplassar (i teorien er desse berre nødvendige for tryggleiken, maskinen kan ta av kor som helst, i og med at han tek av vertikalt).

Skycaren sine to største minus ville vere et høgt konsum av drivstoff og mykje støy. Sjølv om konsumet per kilometer ville vere det same, så ville Skycar verte brukt til lengre reiser, som reiser over havet og til uframkommelege plassar. Difor vil han nok bruke meir drivstoff. Sidan Skycar går på tradisjonell bensin vil forurensinga vere betrakteleg. Lyden vil nok gjere at Skycar ikkje i fyrste omgang vil verte brukt i storbyar eller tett folkesette område. Men Skycar sine eigenskapar: at han er raask, kan lande neste nkor som helst og kan frakte fire personar, vil gjere at han i fyrste rekke vil vere nyttig i politi- kyst/grensevakt- og brannslukkingsarbeid, samt i ambulanse- og letemannskapsarbeid.

Grunna veldig lang utviklingstid (nesten 40 år) har det vore ein del skepsis om korvidt Skycar nokonsinne vil vere kommersielt nok. Somme har hevda at "Moller Skycar" aldri vil komme seg i lufta i stor stil, og somme har til og med hevda at Professor Moller med vilje er for optimistisk, for å få investorar til å investere i noko som aldri vil kunne gi forteneste.