Skylddalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skylddalar var målestokken for verdi for matrikkelskyld som blei innført ved matrikkelrevisjonen i 1838.

Som matrikkelskyld:

  • 1 skylddalar = 5 ort
  • 1 ort = 24 skilling.

Skylddalaren blei innført som erstatning for distriktsvis varierande einingar som våger fisk, huder og kalveskinn som matrikkelskyld. 1 hud tilsvarte ca. 4 skylddalar.

Først i 1838-matrikkelen blei skylda angitt i myntregning (1 skylddaler = 5 ort = 120 skilling). Skylddaleren skulle svare til ein verditakst på 400 spesidalar.

Skylddalaren blei avløyst av skyldmark ved matrikkelrevisjonen i 1886. I gjennomsnitt blei 1 skylddalar då sett lik ca. 2 skyldmark.