Skylla og Kharybdis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odysseus som må velja mellom Skylla og Kharybdis. Måleri av Henry Fuseli frå 1794/6

Skylla og Kharybdis er to sjøuhyre i gresk mytologi. Dei er særleg kjende frå Odysseen, der Odysseus må segla forbi anten Skylla eller Kharybdis. «Å velje mellom Skylla og Kharybdis» er eit uttrykk for å seie at ein må velje mellom to like store dårlege løysingar.

Skylla var dotter av Nisos og ei havnymfe. Ho vart forvandla av Kirke til eit uhyre.

Kharybdis er eit legendarisk havuhyre som slukte alt det kom over og spytta det ut igjen. Stundom er dette forklart som ein sugande malstraum.

I Odysseen av Homer vert det fortalt at Skylla slukte seks av Odysseus sine menn med sine seks gap. Dette hende medan Odysseus sigla gjennom eit trongt sund (av og til lagt til Messinastredet mellom Italia og Sicilia), og han hadde då Skylla på den eine sida og Kharybdis på den andre sida. Ordet skylla har slektskap med verbet skyllå som tyder å flå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • J.W. Fuchs Illustrert klassisk leksikon (Aschehoug, Oslo 1968)