Skylstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skylstad er ein gard i Norangsdalen i Hjørundfjord i Ørsta kommune. Skylstad er gardsnummer 126 i Ørsta kommune. Garden har vanlegvis hatt 5 bruk.

Skylstad er den garden som ligg lengst frå sjøen i Norangsdalen, vel 2 km opp gjennom dalen frå enden av Norangsfjorden, langs fylkesveg 655. Tuna ligg på om lag 90 m o.h. På grunn av dei høge fjella så ser ein ikkje sola mellom om lag 15. oktober og 1. mars.

Skylstadbrekka går opp mot fjellet Slogen (1564 m).

6. februar 1679 sopte Brekkefonna, som kjem ned frå Slogen, nesten heile Skylstad av hustuftene, og 27 eller 28 menneske omkom. Som følgje av rasulykka flytta ein deretter husa nordvestover nokre hundre meter, under den noko bratte Skylstadåsen, der dei ligg no. Der kunne dei framleis kjenne lufttrykket av fonna, men no berre utkanten av det.

Forfatteren Marie Takvam var fødd Skylstad, og voks opp der. Rasmus Skylstad, diplomat og utanriksråd kom frå Skylstad. Den norsk-amerikanske katolske biskopen av Spokane i USA, William Stephen Skylstad, som var president for United States Conference of Catholic Bishops (den amerikanske katolske bispekonferanse) frå 2004 til 2007, stammar også frå Skylstad.

Skylstad som etternamn[endre | endre wikiteksten]

I følgje SSB (2006) er det 72 personar i Noreg med etternamnet Skylstad.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band III Gard og ætt, Ørsta 1988 ISBN 82-991200-2-0 side 268-307