Norangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norangsfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Norangsfjorden
62°12′22″N 6°35′10″E / 62.206°N 6.586°E / 62.206; 6.586
Wikimedia Commons: Norangsfjorden, Ørsta

Norangsfjorden er ein fjordarm av Hjørundfjorden i Ørsta kommuneSunnmøre. Han har ei lengd på 6,5 km og den største djupna er 296 m.

Fjorden har innløp mellom Lekneset i nord og Stålbergneset i sør og går først nordaustover, før han snur søraustover. Ved fjorden ligg dei to bygdene Urkebygda på nordsida av fjorden og Øyelandet ved fjordbotnen. I tillegg ligg gardane Leknes, Maude og Stenes ved fjorden. «Fyrste lekken nor tyder trang og siktar ikkje minst til inste delen», heiter det i bygdeboka Hjørundfjordboka 3.

Riksveg 655 går på aust- og nordsida av fjorden.