Skyr
Utsjånad
Skyr er eit magert og proteinrikt mjølkeprodukt frå Island. Det vert framstilt ved å ha løype i oppvermd skummamjølk, og er såleis ein ost, men produktet har konsistens meir som tjukk yoghurt. Skyr har ein mild syrleg smak og vert ofte seld smaksett med bær, frukt, vanilje eller sjokolade.
I moderne meieriproduksjon vert det nytta pasteurisert mjølk og det må difor i tillegg til løypa tilsetjast bakteriekultur ved framstillinga, medan ein før klarte seg med mjølkesyrebakteriane som naturleg var i mjølka.
Skyr i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Q-meieriene har frå september 2009 produsert skyr på lisens for den norske marknaden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2022) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Oppskrift på skyr på nettstaden isholf.is Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine. (på engelsk)Denne matartikkelen som har med Island å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.