Skytopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein skytopp (eller toppen av ei sky) er den øvste synlege delen av ei sky. Den blir vanlegvis uttrykt i meter over jordoverflata eller lufttrykket i skytoppen i hektopascal.

Målingar[endre | endre wikiteksten]

Skytopphøgda kan ein estimere frå bakken ved triangulering, men denne metoden kan berre brukast når ein kan sjå heile isolerte skyer eit stykke frå observatøren. Av instrument kan radar brukast til å måle høgda til skytoppen.

Ein alternativ, men dyrare metode, er å bruke observasjonar frå lufta, enten visuelt eller med instrument som skyhøgdemålarar. Denne teknikken er nyttig når ein skal måle individuelle skyer og for å kontrollere kor nøyaktig andre metodar er, men det blir svært vanskeleg å kontinuerleg overvake skyer over store område.

Skytopphøgda kan òg målast frå satellittar, en gjennom stereofotogrammetri (som brukar to bilete frå forskjellige vinklar) eller ved å omforme temperaturmålingar til å estimere høgda.

Påverknad på vêr og klima[endre | endre wikiteksten]

I konvektive skyer er det vanlegvis styrken på konveksjonen som avgjer kor høg skya kan bli. Dette kan igjen vere avhengig av faktorar på overflata, særleg transport av varme og vassdamp frå overflata til atmosfæren. Skytopphøgda varierer ofte mykje meir, og er meir ujamn enn det skybasen er.

Stråling i atmosfæren er sterkt påverka av skyer. Skyalbedo er direkte avhengig av storleiken og forma til skypartiklane, i tillegg til om partiklane er av flytande vatn eller iskrystallar, og desse faktorane er igjen avhengig av skyhøgda. Vatn absorberer og sender tilbake stråling. Derfor blir skytoppane avkjølt ved at infraraud stråling går ut i atmosfæren. Men jo høgare skytoppen er jo kaldare er partiklane i skya, og dermed blir det sendt ut mindre infraraud stråling jo høgare skya er.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]