Skyhøgd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skyhøgda (eller høgda til ei sky) er avstanden mellom skybasen og skytoppen. Den blir vanlegvis uttrykt i meter eller trykkskilnaden i hektopascal (hPa). Av og til er derimot skyhøgda og skybasen brukt om ein annan, og då må ein ut frå samanhengen finne ut om det er høgda opp til skybasen eller storleiken på skya.

Målingar[endre | endre wikiteksten]

Skyhøgda blir ikkje målt direkte, men ut frå separate målingar av skybasen og skytoppen.

Påverknad på vêr og klima[endre | endre wikiteksten]

Skyhøgda er ofte avgjerande for kor kraftig nedbøren frå skya er. Djupare skyer produserer kraftigare nedbør. Ei cumulonimbussky kan strekke seg gjennom nesten heile troposfæren og føre til torevêr med lyn og kraftige byger. Tynne skyer (som cirrusskyer) dannar ikkje nedbør.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]